Erdal Skulehus

Erdal skulehus har stått på Hardebakken i 122 år, i ver og vind, i sol og snø. Mange er elevane som har gått inn og ut av dette huset gjennom dei 72 åra huset tente som skule for Erdal krins, og seinare har det tent som samlingsstad for litt av kvart. .

Dette huset er ei perle i bygda, og vi har lyst til å pusse denne perla og vise ho fram. Vi vil fortelje historia til huset og vise at det er eit kulturbygg av dei sjeldne som står her. Slik håpar vi at det vert aktivitet i skulehuset av alle som vil nytte det til fest og samkomer, store eller små.

Skulestova kan romme over 50 til konsert o.l. Men til selskap med mat på bord, går det ca 30 personar.

Uteområdet er fin samlingsplass når veret er godt. Grilling, leik og sosialt fellesskap.

Leige av huset

Leige av huset kostar 500,- kr for ein dag/kveld. Ta elles kontakt på tlf. 90122146 for avtale.

Presseomtale

Haustmarknad i Erdal Skulehus - noko vi vil halde fram med (Fjordingen)