Fjellturar i Oppstryn

Rundt Oppstrynsvatnet ligg dalføra Flofjellet, Glomsdalen, Hjelledalen, Sunndalen, Skjæringsdalen, Grasdalen, Erdalen og Fosdalen: Desse ligg mellom fjella som strekker seg opp mot 1850 moh på det meste. Desse dalføra og fjella legg til rette for store naturopplevingar, og nokre ligg også innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark.

Her finn du oversikt over nokre av dei mest populære turane, som også er skilta og tilrettelagt.

  • Segestad

    Stien til Segestad snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen. Garden gjev deg unik innsikt i korleis fjellbønder levde for berre nokre få generasjonar sidan. Informasjonstavler om historia.

  • Erdalen og Vesledalen

    Fin og lett tur til setrane lengst inne i Erdalen og Vetledalen. Naturen er majestetisk med bratte fjell og brear på toppen. Dette er ein gamal ferdselsveg over Jostedalsbreen.

  • Fosdalen

    Ein fin setretur i flott natur, inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Setra ligg ca 430 moh. Ein startar turen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, først på grusveg og deretter over på bratt, men fin sti.

  • Glæra

    Ein fin tur i mektig natur. Ein går på gammal setreveg fra Jøl bru til Skjerdingsdalssetra. Deler av denne vegen er sprengt ut av fjellet slik at det skulle vere enklare for bøndene å få dyra til seters. Ein går på fin rås/sti. Det er høge fjellsider på oppsida og bratte skrentar og djupe jøl på nedsida. Likevel enkelt å gå der.

  • Sunndalen og Kamperhamrane

    Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane går austover frå Sundalen og gjennom Rauddalen til Skjåk. Deler av ruta går over eit bratt fjellparti som heiter Kamperhamrane. I den bratte fjellskråninga er det gamle, oppmura steintrapper som vart restaurerte av stibyggjarar frå Nepal i 2015. Det mest vanlege er likevel turen frå Sundalen til Sundalssetra som kan gåast som rundtur, langs elva ein veg og over åsen den andre vegen.

  • Flofjellet

    Turen går på ein gammal ferdselsveg mellom bygda Vollset i Sunnylven kommune og Flo.

Kart over Oppstryn