Bli med på Friluftsskulen!

Fjordane Friluftsråd skal gjennomføre 10 Friluftsskular i kommunane Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn. Friluftsskulane er for born og unge i alderen 9-13 år og passar for alle, uavhengig av tidlegare erfaring med friluftsliv.

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Dei ynskjer å inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer dei å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Tidsmessige og praktiske rammer: Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema: rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.

Aktivitetane startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.

Friluftsskulen i har plass til 20 deltakarar. Stort sett vil ein vere samla, men ved enkelte høve vil deltakarane bli delt i mindre grupper.

Det vil vere to frilufsskular i Stryn kommune i sommar.

Finn ut meir og meld på

Forrige
Forrige

25 år med song

Neste
Neste

Prosjekt “På tur i Oppstryn”