Ny leiar i Oppstryn Bygdeutviklingslag

Obul hadde årsmøte torsdag 29.02.23 og der vart det leiarskifte. Frank Guddal tek over stafettpinnen som leiar etter Ingvild Berge som har vore leiar i to år. Avtroppande leiar hadde ein liten prat med Frank om kva forventningar han har til den nye rolla:

Kva gler du deg mest til med å vere leiar?

- Å prøve å gjere noko bra for bygda og bringe vidare og få svar på det folk lurer på. At vi ser litt resultat frå det ein gjer.

Kva er det viktigaste temaet for deg her i bygda?

- Tomter og husbygging. Busetting av nye familiar slik at bygda lever vidare.

Kva kan bygdefolket gjere for at Oppstryn skal bli ei endå betre bygd å bu i?

- Fortsette å engasjere seg i det som skjer, møte opp på det som skjer! Seie ja når nokon spør om å vere med, det er dugnadsånden som gjer at bygdene lever!

Og elles vil han seie god påske til alle om ikkje så altfor lenge, sikkert inspirert av strålande sol som varmar godt denne marsdagen.

Og vi seier lukke til som leiar i OBUL, og god tur til Grand Canaria. Leiaren vår skal lade opp der denne veka, så er han klar til både turistsesong på Matstova og leiaroppdrag for bygdeutviklingslaget vårt.


Forrige
Forrige

Skidag med Fossekallen 4H

Neste
Neste

Kven skal vinne Bygdeprisen?