100.000 til terrengsykkel-prosjektet

Sparebanken Vest feira frivillig innsats med å dele ut totalt ein million kroner fordelt på 11 lokale prosjekt i Stryn kommune. Terrengsykkelprosjektet i Oppstryn fekk tildelt 100.000 til vidareutvikling av Napen.

Grunngjeving frå jury: Sidan 2015 har lokale eldsjeler, i samarbeid med blant anna Oppstryn IL og Stryn Sykkelklubb, utvikla Napen. Dette er eit veleigna område for vandring og stisykling. Juryen ønskjer å støtte dette gratis fellesgodet som når ei brei brukargruppe i heile Stryn kommune. Tilbodet er viktig for stadig fleire i alle aldersgrupper som ønsker å utfalde seg i naturen. Terrengsykling er eit viktig supplement til andre aktivitetstilbod i kommunen. Juryen ønsker å støtte tiltaket med 100.000,-

Les meir i Fjordingen

Forrige
Forrige

- Angrar ikkje på at vi vart bønder