Tilbake til alle arrangementer

Årsmøte Oppstryn IL

Årsmøtet avhaldast den 06.03.2024 kl:20.00 på Idrettshuset på Hjelle.

Saker må vere inne innan 22. februar.

Sakspapir finn du her.

SAKLISTE FOR ÅRSMØTE

  1. Godkjenne dei som har røysterett

  2. Velje dirigent

  3. Velje protokollførar

  4. Velje to medlemmer til å underskrive protokollen

  5. godkjenne innkallinga

  6. Godkjenne saklista

  7. Godkjenne forretningsordenen

  8. Handsame årsmeldingane frå idrettslaget

  9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet

  10. Handsame forslag og saker - Ingen innkomne saker.

  11. Fastsetje medlemskontingent. Styret foreslår å halde fram med medlemskontingent tilsvarande: - Barn 0-5 år: gratis,- Barn 6-16: 100kr, - Vaksen: 200, - Senior: 150kr

  12. Vedta budsjettet til idrettslaget

  13. Handsame organisasjonsplanen til idrettslaget

  14. Gjere følgjande val:

    1. styre med leiar, nestleiar og styremedlem

    2. kontrollutval

    3. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantane

    4. Valkomité

    5. Styrer til dei ulike undergruppene

    6. Resterande val

Forretningsorden

Pkt. 1

Årsmøte blir leia av hovudstyret sin leiar.

Pkt. 2

Vald sekretær/protokollførar fører protokollen. Protokollen skal underteiknast av valde medlemmar seinast 2 veker etter årsmøtet.

Pkt. 3

Dirigenten kan forkorte taletida, samt sette strek etter behov.

Pkt. 4

Personar som deltek på Teams stemmer ved å skrive «for» eller «mot» i kommentarfeltet.

Vedlagt følgjer følgjande dokument:

- Idrettslaget si årsberetning og gruppeårsmeldingar

- Regnskap i revidert stand

- Forslag og saker

- Styrets forslag til budsjett

- Valkomiteens innstilling

Desse dokumenta vil bli skrive ut og lagt ved på årsmøtet samt vere tilgjengelege digitalt

Ved spørsmål om årsmøtet, kan Oppstryn IL, eller Lasse Hjelle kontaktast på Las.hjelle@gmail.com / 90662969.

Med venleg helsing styret

Arkiv frå styret i Oppstryn IL finn du her.

Forrige
Forrige
29. februar

Åsmøte Opppstryn Bygdeutviklingslag

Neste
Neste
8. mars

Kyrkjelyden sin årsfest og basar