Fottur til Nautebreen

Nautebreen låg her. No er heile breen borte.

Nautebreen har ei dramatisk historie. I mange tiår måtte bøndene som setra i Skjerdingsdalen, jage køtera over denne breen. Det var ein lang og strevsam tur som tok to dagar. Vegen gjennom Glæra var ikkje farbar i den tid.

Hausten 1851 kom eit rasande uvêr over buskapen då dei skulle krysse breen på veg heim. Tjue mjølkekyr låg att på breen!

Etter denne tragiske hendinga, vart det sett i gang eit arbeid med å sprengje ein smal veg gjennom Glæra, eit bratt fjellparti mellom Jøl bru og Skjerdingsdalssetra. Og i 1853 kunne dei for første gong jage krøtera denne vegen.

Gradering: Middels vanskegrad. 

Lengd: 7,5 km ein veg.

Høgdemeter: 750

Tidsbruk: 8 timar t/r.

Sesong: Vår - haust

Parkering: Du kan parkere ved Skjerdingsdalssetra

Merk: Stien er rydda berre den første kilometeren. Du lyt lese kartet for å finne fram.

Dersom du er ein erfaren og godt trena person, må du gjerne gå over Nautebreen til Glomsdalen. Det blir ein lenger og meir strevsam tur.

Det er ikkje mobildekning på turen.

Den blå linja viser stien mot Skjerdingsdalsbotnen og Flydalsreset. Den raude viser den gamle setrevegen over Nautebreen.

Skjerdingsdalssetra. Vi ser mot Glæra.

Turskildring

Du parkerer på parkeringsplassen som ligg like ved Rv.15 ovafor sela på Skjerdingsdalssetra. Du går skrått unnabakke innover mot dalen og nedover mot der terrenget flatar ut.

Etter at du har gått om lag 600 meter, passerer du ei relativt ny, solid bru over Skjerdingsdøla. Her må du ta eit viktig valg!

Dersom elva går stor, er det tryggast å gå over brua og følgje stien innover på vestsida av elva. På denne sida er skogen tettare, og stien er ikkje rydda. Det kan bli vanskeleg å finne fram.
På austsida er det lettate å ta seg fram, men du må vade elva når du kjem til Skjerdingdalsbotnen.

Turen til Skjerdingsdalsbotnen på austsida av elva er skildra her.

Ny bru over Skjerdingsdøla

Råsa mot Skjerdingsdalsbotnen går langs elva. Du kan gå på begge sider, men råsa på den høgre sida av elva (austsida) er lettast å finne.
På bildet over ser vi  Flydalsreset (bakarst i dalen) i den høgre bildekanten. Bak i dalen mot venstre kan vi sjå Tverrbotnen som fører opp til Nautebreen.

Når du går på den venstre sida av elva (vestsida), vil du passere det opne terrenget bak denne tjørna. Det kan vere vanskeleg å finne ein god sti vidare.
I bakgrunnen ser vi Fremste Sandskaret som fører opp til Stolshyrna (1646 moh.).  

Foto: Ane N Grønfur

Her er Skjerdingsdalsbotnen. Du ser Flydalsreset mot høgre og Tverrbotnen ligg i dalføret som går opp til venstre. Nautebreen ligg bak Tverrbotnen.

Når du kjem til grova som renn ned frå Tverrbotnen, tek du til venstre og går om lag 200 høgdemeter oppoverbakke til det flatar ut. Det er dette området som vert kalla Tverrbotnen. Her ligg det ei lita tjørn. 

Foto Ane N Grønfur

Tverrbotnen med utsyn nedover mot Skjerdingsdalsbotnen. Flydalsreset til venste.

Foto: Ane N Grønfur

På veg ned i Tverrbotnen, 1000 - 1100 moh.

Foto: Ane N Grønfur

Nautebreen er i dag omtrent heilt borte, men i den tid bøndene gjekk med krøter over Nautebreen, låg han nok heilt ned i dette området, øvst i Tverrbotnen.

Foto: Even Nesje

Dette bildet er teke i 2004. Vi ser at breen nyleg har lege over svaberga her på toppen av skaret, 1350 moh.. Vi ser mot Skjerdingsdalen.

Foto: Even Nesje

Nautebreen. Sandskarhyrna (1690 moh.) bak i skodda.

Ane N Skåre

Utsyn mot Glomsdalen. Rinddalshyrna mot høgre (1677). Tindefjell (1775 moh.) i himmelsjå litt til venstre i bildet.

Foto: Asbjørn Berge

Vi ser innover mot Stolsbotnen.
Hvis ein vil gå over i Glomsdalen, er det viktig å halde mot høgre på ryggen (skaret) og såleis gå lengst mogleg inn i Glomsdalen før ein går bratt nedover mot botnen av Glomsdalen (Stolsbotnen). 

Du kan lese meir om den gamle driftevegen og anna historie om Skjerdingsdalen her.

Tekst: Jørgen Skåre og Asbjørn Berge, 2025