God framdrift i “På tur i Oppstryn” prosjektet

Prosjektleiar Asbjørn Berge melder om god framdrift i fjelltur-prosjektet for Oppstryn.

Glomsdalen

- Det meste av stirydding og skilting er gjort. Utbetring av råsa mellom Segestad og Segestadsetra er ikkje fullført., og vi har ikkje fått i orden finansiering av restaureringa av stien til Segestad enda.

Sunndalen

- Rydding av stiane og utplassering av skilt er utført. Ein vil arbeide vidare med å ta vare på historia til garden Sunndal.

Erdalen

- Det meste av stirydding og skilting er gjort. Det står att litt stirydding mot Vesledalsbreen. Turskildringar for tur til Erdalsbreen, Strynekåpa, Fossen og Vesledalsbreen vil kome i løpet av sommaren.

Fosdalen

- Stien er rydda og snart vil det kome opp nye skilt med QR-kodar for natur- og kulturstien. Turskildring ligg ute på Oppstryn.no.

- Når det gjeld dei andre dalføra, har vi ikkje så mykje å melde endå.

Natur- og kulturstiane for Glomsdalen, Sunndalen og Erdalen og turskildringar finn du her.

Neste
Neste

Dugnad "På tur i Oppstryn"