Planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger

Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Innspel og merknader kan sendast innan 15. januar 2026, og 4. desember blir det folkemøte i Stryn kulturhus.

Det skal utarbeidast ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og målet er få ein ny vintersikker fjellovergang med lang tunnel. Eit løp mot Geiranger blir planlagt mot nordvest frå midten av tunnelen, og dette vil gje heilårleg vegforbindelse frå aust.

Planprogrammet er no på høyring, med tilhøyrande dokument. Meir informasjon finn du her.

Utsikt mot Hjelledalen. Foto: Eli Folven

Neste
Neste

Segestad nominert