Jostedalsbreen Nasjonalparksenter nominert

Prisen Årets nyskapar har lange tradisjonar i Stryn og blir delt ut til aktørar som har vist særleg evne til nyskaping, kreativitet og gjennomføringsevne. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er ein av dei nominerte.

Vidareutvikling av eksisterande verksemd blir vektlagt like høgt som etablering av nye konsept, og dei nominerte kjenneteiknast av vilje og mot til å realisere og kommersialisere gode idear.

Dei nominerte er Gjensyn systove, Singerheimen v/Rustøy Overnatting og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn er nominert etter ei omfattande omorganisering og konseptuell nyorientering. Med fornya fokus på naturverdiar, kulturminne og lokal historie har senteret styrkt si rolle som formidlar og kunnskapsarena. Sjølv etter store øydeleggingar som følgje av ekstremvêret «Jakob» hausten 2024, har leiing og tilsette vist imponerande evne til omstilling og gjenoppbygging. Juryen trekkjer fram denne handlekrafta som eit tydeleg døme på robust og framtidsretta drift.

STEM HER

Vidare prosess

I statuttane står det mellom anna at «Årets nyskapar skal styrke Stryn sitt omdømme som ein arena for industri – og næringsutvikling med innovasjon, entreprenørskap og bærekraft i fokus. Vidareutvikling av eksisterande verksemd er like viktig som nyskaping».

Juryen er sett saman av Beate Kjøde, Sparebank 1 SMN, Ørjan Skåden, Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Sigurd Bø, Nordea, Bjørn Tore Furnes, Sparebanken Norge, Jenny Staalnacke, Mogleg og Odd-Rune Flo, Stryn Næringssamskipnad.

No går prisen vidare til både folkets avstemming (20. desember–15. januar) og juryens vurdering. Vinnaren blir kåra på Innom 30. januar, og mottek 30.000 kroner samt ein lokalt produsert plakett.

Les heile saka i Fjordingen

Neste
Neste

Planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger