Ny foreining skal ta vare på Gamle Sundal gard

Det er teke initiativ til å etablere ei ny foreining med føremål å ta vare på dei historiske kulturminna på den gamle fjellgarden Sundalen i Hjelledalen. Foreininga ynskjer vidare å gjere garden lettare tilgjengeleg for ålmenta samt drive formidling av kunnskap om Sundalen generelt og om Gamle Sundal gard spesielt.

Blant initiativtakarane er det valt eit interimsstyre som den 30.03.2026 2026 skal arrangere stiftingsmøte for foreininga. Der skal ein også velgje styre og mellom anna vedta vedtekter for foreininga. Tor Guddal er leiar for interimsstyret.

Det må nemnast at Gamle Sundal gard er ein ‘arbeidstittel’ for interimsstyret. Stiftingsmøtet vil ta avgjerd om namn til foreininga.

Sundalen var i historisk tid ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest i landet, det første ein finn av dokumentasjon om dette er frå tidleg 1400-talet. I seinare tid har denne råsa - som går gjennom Sundalen, over Kamperhamrane og vidare langs Raudalsvatnet mot Polfoss, fått status av Riksantikvaren og Den norske Turistforeining som ei Historisk vandrerute.

Den gamle garden Sundalen representerer ein viktig del av kulturarven i Oppstryn, og dei gamle husmurane som står der framleis er som eit tidsvitne om det tidlegare livet på garden. Opp gjennom historia har garden fleire gonger blitt hardt råka av snøskred, og ofte har både folk og fe blitt drept. Ei av dei mest kjende skredulukkene var i 1868, då omkom 13 personar.

Det er utarbeidd ei leigeavtale med grunneigar for ein periode på 20 år frå 01.05.2026 med opsjon på ytterleg 20 år fram til 2066. Dette gjeld området på og rundt dei gamle tuftene og utgjer nesten 20 mål.

Leiar av interimsstyret, Tor Guddal, ønskjer gjennom foreininga å samle frivillige krefter for å sikre bevaring av kulturminna på garden og skape ein open møteplass der både fastbuande og tilreisande kan få innsikt i historia til garden og dalen.

Foreininga vil difor også arbeide med vedlikehald og skjøtsel av både minnesmerka og kulturlandskapet ved garden. Det vil også bli aktuelt med arrangement for publikum, omvisingar og samarbeid med skular, lag og organisasjonar.

Alle interesserte vert inviterte til Stiftingsmøte for Gamle Sundal gard den 30. mars 2026 på Matstova. Her vil det mellom anna bli val av styre og handsaming av vedtekter for foreininga.

For nærare informasjon, kontakt:
Tor Guddal
leiar i interimsstyret
tlf.: 47 24 17 65
e-post.: tor.guddal@enivest.net


Neste
Neste

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter nominert