Dugnad "På tur i Oppstryn"
Gjennom prosjektet "På tur i Oppstryn" har vi starta opp eit arbeid for å utbetre stien mellom Segestad og Segestadsetra. Med enkle middel, krafse, hakke og spett, har Lars Erik og underskrivne på ein arbeidsdag laga god sti i parti der det før var smalt og skrått. Sjå bilda.
Men mykje arbeid står att, og det er fint om fleire melder seg på til innsats.
Det var mellom 10 og 15 turistar som passerte oss -- på ein vanleg dag midt i veka. Dette viser kor viktig det er å halde stiane i god stand!
Ring gjerne til Asbjørn Berge på tlf. 48234863 dersom du kan tenkje deg å ta eit tak.

