Tur til Tverrelvskaret

Blått turmerke - Middels tur
  • Gradering: Middels vanskegrad.

  • Lengd: 4,7 km ein veg

  • Høgdemeter: 640

  • Tidsbruk: 6 timar t/r.

  • Sesong: Sommar og haust

  • Parkering: Du køyrer 4,5 kilometer på bomveg som tek av frå Rv. 15 på Folven i Hjelledalen. Godt merka parkeringsplass inne i Sunndalen.

  • Merk: Det er ikkje mobildekning på turen

Turskildring

Du kan lese skildring av turen til Sunndalssetra via Hola her.

Denne skildringa gjeld turen frå Sunndalssetra til Tverrelvskaret, men først litt om den Tverrelva.

Den majestetiske Tverrelva, som du ser frå nær sagt alle stader i Sunndalen, kjem nedetter fjellsida frå nordsida av dalen. Ho er eit flott fotomotiv som gjev ulike naturopplevingar gjennom heile året. Frå frosne is-svedjer om vinteren til frådande fossesprut og sus frå elva om sommaren.

Heile det samanhengande fossefallet startar på høgde 920 moh. og endar i samløpet med elva Sunndøla omlag på høgde 440 moh.. Tverrelva har sitt opphav frå bresmeltinga frå Tystigbreen, fjellområdet ved Nuken og området rundt. Dei siste ti-åra har brekanten trekt seg mykje tilbake, som dei fleste andre brearmane i landet vårt.

I flaumperiodar med mykje regnvêr og høg temperatur, vert det transportert svært mykje lausmassar med elva. Desse lausmassane vert med i vassdraget vidare nedover til utløpet i Oppstrynsvatnet. Noko vert også liggande i elveløpet til Hjelledøla.
Dette er blitt eit aukande problem for landbruket i dalen, sidan avlagring på elvebotnen medfører meir overfløyming av landbruksareal enn tidlegare.

Stien til Tverrelvskaret finn du når du kjem inn på selflata ved Sunndalssetra. Ein visningsstolpe står om lag midt på Selflata, og det er hogge ut skog i første del av denne stien – slik at starten på denne vegen er godt synleg. Høgdeforskjellen mellom Sunndalssetra og Tverrelvskaret er omlag 500 meter.

Stien svingar seg bratt oppover gjennom frodig bjørkeskog. Stien er både rydda og merka, men ein må vere litt observant for ikkje å gå feil.

I Tverrelvskaret er det godt beite for sau, og hjorten trivst godt her oppe. I tidlegare tider var det også mykje villrein i området, men bestanden har gått mykje tilbake. Gamle læger vitnar om den tida då det var reinsjakt i Tverrelvskaret. Jegerane fann ly under steinar med overheng, og dei la opp ein mur som tok av for vinden.
Amerika-Nils, son til Store-Nils i Sunndalen, var ein ivrig jeger. Han hadde læger både i Tverrelvskaret og i Kupene nedafor Kamperhamrane.

Det vert fortalt at Pernille Nilsdotter Sunndal (1822 - 1895), budde minst ein sommar i Tverrelvskaret saman med geitene sine. Ho ysta her oppe, og det vert sagt at koparkjelen ho brukte, ligg att oppe i skaret ein stad. Kva for læger ho brukte, veit vi ikkje. Det høyrer med til historia at ho hadde med seg ein grisunge opp i skaret. Det var viktig å nytte alle restar etter ystinga - noko som var vanleg på den tid.
Ho gifte seg seinare til Johansbruket i Guddalen, og det er barnebarnet som er kjelde.

Ein periode vart Tverrelvskaret leigd ut til beite for hest. Ein hest som høyrde til ein bonde på Riise i Stryn, hadde gått like ut i Sunndalsskaret. Her er det bratt og vanskeleg terreng.

Dersom du er i god fysisk form, må du gjerne gå vidare innover dalen. Terrenget er ganske flatt det første stykket, men etter ein kilometer tek det til å stige jamt opp over. Går du to kilometer innover dalen, får du sjå ein arm av Tystigbreen på nært hald. Det er ein del bratte, blankskura svaberg i dette området sidan breen nyleg har lege her. Fuktige svaberg er glatte så ver forsiktig.

Har du erfaring med orientering i fjellet, greier du å finne ein trygg veg over til Kamperhamrane og gå den gamle ferdslevegen tilbake til Sunndalssetra.

Tekst og foto: Tor Guddal og Asbjørn Berge 2026

Nokre bilde frå turen