Tur til Sunndalssetra via Hola
Gradering: Middels vanskegrad. Vandring innover dalen langs elva, med kryssing av elva Sunndøla og elva Tverrelva over gode og sikre bruer. To bratte bakkar langs denne vegen, Hestholbakkje og ved Tverrelva.
Lengd: 3,2 km ein veg.
Høgdemeter: 180
Tidsbruk: 3 timar t/r.
Sesong: Vår, sommar og haust
Bomveg: Betaling i kasse eller Vipps
Parkering: Du kan parkere ved startpunktet like ved grinda/ledet eller på parkeringsplassen som er mellom Haraldsfallet og garden Sundal. Ved denne parkeringsplassen er det også opplysningsskilt for Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Merk: Merk: Her kan du høyre på elvesusen nær sagt heile vegen. Majestetisk oppleving ved passering av Tverrelva. Det vart rydda langs stien og utført noko anna oppgradering av stien i 2024.
Turbeskrivelse
Når du starter å gå innover frå parkeringsplassen, er det nokre hundre meter med flat veg før du kjem inn til Sunndalsbakken. Når du runder rundt svingen og ser oppover vegen/bakken, prøv å få eit glimt av dei gamle steinmurane frå dei to bruka oppunder hammeren oppe til venstre. Det er tett skog her, men ein kan sjå gjennom skogen – i alle fall før lauvet kjem på trea. Eit anna alternativ for å sjå dette kulturminnet er å svinge til venstre oppe på Sunndalsbakken, gå tilbake igjen på oppsida av løa der du vil finne ein veg utover mot desse ruinane. Gardane vart fråflytta i 1902, og sidan den tid har det ikkje vore fastbuande på Sundal gard. Men på 1960 talet og litt ut på 1970-talet var der sommermjølking av geiter på garden. Noverande eigar av garden heiter Ivar Jarle Åsvoll.
Litt forbi det raude huset kjem du til vegenden, der det er grinder på begge sider av brua over Sunndøla. Like etter brua, må du gå til venstre i eit stidele. Her er også skilta mot dei to stiane du kan velge å gå. Stien for denne beskrivinga vil gå langs elva framover til Sunndalssetra. På lokalt folkemunne heiter det – «å gå Hola». Først gjennom Småøyaner før ein starter på stigninga. Litt oppe i første stigninga, passerer ein grensa for Jostedalsbreen Nasjonalpark. I dette området var det ein gong i tida planta grantre. For nokre år sidan vart desse grantrea fjerna, sidan det er uønska med grantre i nasjonalparken.
Her er mange fine fossefall langs vegen innover dalen
Etter å ha passert brua over elva ved utelada, kjem ein etterkvart innover mot Pineguristeinen og etterkvart til Hestholbakken. Ved Hestholbakkjen vert det ei lang oppstigning. Oppe på toppen er der eit stort og gamalt furetre på oppsida av vegen.
Snart kjem ein til Tverrelva som danser nedover fjellsida frå Tverrelvskaret.
Ved stor vassføring har her tidlegare vore litt problem med å kome seg forbi inntil fjellveggen. Men grunneigarane gjorde i 2024 eit fint og godt arbeid med oppmuring inntil berghammaren der stien går.
Etter å ha passert Tverrelva og bakken opp der, er det flatt landskap for stien heilt inn til Sunndalssetra.
Gjennom skjøtselsplan for nasjonalparken (utarbeida i 2022) er det i regi av Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre utarbeida tiltak for å ivareta både stiane og seterlandskap i Sunndalen/Sunndalssetra. Dette i samarbeid med grunneigarane.
I dette ligg det også at grunneigarar som utfører prioriterte oppgåver/arbeid, vert løna for dette arbeidet etter faste timesatsar.
Ansvarleg for tekst og bilete
Tor Guddal

Ser heimover dalen

Grunnmuren står fint enno

Ser framover dalen frå ruinane av gardsbygningane

Utelade i Hola Restaurerings-/nybygging av den gamle høylada er i gong – august 2011

Slik ser det ut ved den samme løa nokre år seinare. Her er ikkje beitande dyr på denne sida av elva, noko som gjev stor gras- og lauvvekst

Ei gamal høylade har sett sine beste dager

Her er mange fine fossefall langs vegen innover dalen

Gamle styvingstre av bjørk langs vegen

Pineguristeinen

Tverrelva

Dugnadsarbeid i 2009

Sunndalsetra med Kamperhamrane i bakgrunnen

Sunndalssetra ein fin vårdag

Kven er du???

Sauesanking