Tur til Kamperhamrane

  • Gradering: Krevjande vanskegrad.

  • Lengd: 4,5 km ein veg. (Frå Sunndalssetra)

  • Høgdemeter: 835

  • Tidsbruk: 6,5 timar t/r.

  • Sesong: Sommar og haust

  • Bomveg: Betaling i kasse eller Vipps

  • Parkering: Du kan parkere ved startpunktet like ved grinda/ledet eller på parkeringsplassen som er mellom Haraldsfallet og garden Sundal. Ved denne parkeringsplassen er det også opplysningsskilt for Jostedalsbreen Nasjonalpark.

  • Merk: Denne turen starter på Sunndalssetra, og har felles sti 600m innover dalen retning Sognskarhynna. Her kjem ein til eit stidele, der ein skal ta stien til venstre. Dette er også godt skilta.

Utsikt frå Kamperhamrane - Vestover

Turbeskrivelse

Dersom du tek turen vidare framover dalen frå Sunndalsetra retning Sognskarhynna, vil du kome til eit sti-dele omlag 600m frå setra. Her deler stien seg mot dei to dalføra som går mot Kamperhamrane og mot Sognskaret. Dalen og stien mot Kamperhamrane går rett fram frå dette sti-delet, i austleg retning.

Opp mot Kamperhamrane er stien delvis lagt i steintrapper. Desse steintrappene vart restaurerte av ein arbeidsgjeng med sherpaer i 2015-2016. Høgaste punktet på stien over Kamperhamrane mot Raudalen ligg på omlag 1300 m.o.h. Ein vanleg turgåar må rekne med at denne turen frå Sunndalssetra og opp til høgaste punkt på stien vil ta omlag 3 timar, og returen til setera omlag 2 timar. Eit lite stykke forbi det høgaste punktet på stien er ein stor varde med fint utsyn austover mot Øvre Leirvatnet og Raudalen.

I vestre enden av Raudalsvatnet er der ei DNT-hytte som heiter Skridulaupbu. Det vert rekna som ein god dagstur å gå mellom Sunndalsetra og Skridulaupbu.

Ansvarleg for tekst og bilete
Tor Guddal