Blått turmerke - Middels tur

Fottur frå Folven til gamle Sundal gard

Gamalt og innhola tre ved Alfloten

Turen innover Sunndalen startar med ei bratt oppstigning til ein kjem opp på Kleiva. Midt oppe i denne første stigninga, vil du sjå ein minnestein over dei to største rasulykkene som skjedde i 1718 og 1868. Mange menneskeliv gjekk tapt i desse to hendingane.

  • Gradering: Middels vanskegrad.

  • Lengd: 4,5 km ein veg.

  • Høgdemeter: 195

  • Tidsbruk: 3,5 timar t/r.

  • Sesong: Vår, sommar og haust

  • Bomveg: Betaling i kasse eller Vipps

  • Parkering: Du kan parkere der bomvegen til Sunndalen tek av frå Rv. 15 på Folven.

  • Merk:

  • Det er køyrbar grusveg heile vegen til gamle Sundal gard.

  • Dersom det er mykje snø i fjellet tidleg på året, kan det vere rasfare både i Svellingsfonna og Haraldsfallet.

Kart over tur i Sunndalen

Turskildring

Turen innover Sunndalen starter med ei bratt oppstigning til ein kjem opp på Kleiva. Midt oppe i denne første stigninga, vil du sjå ein minnestein over dei to største rasulykkene som skjedde i 1718 og 1868. Mange menneskelig gjekk tapt i desse to hendingane.
Når du fortset vidare oppover, kjem du til den første natur- og kultursti posten – Kleiva når du passerer ein sving på vegen med ein høg berghammar på eine sida og store sitjesteinar på vegkanten. Her har ein god utsikt både nedover og oppover Hjelledalen. Desse natur-/kultursti postane er merka med treskilt langs vegen og er sett opp ved kjende plassar langs vegen, gjerne knytta til naturtilhøve og historie.

Når ein kjem litt lenger oppover, kjem ein til Hogane, eller Furuhogane – namnet kjem truleg av at det er her ein ser den første furuskogen i dalen. Vegen går no i litt kupert terreng, og du passerer namneskilt som:

  • Heimste Hogane

  • Kolura

  • Fremste Hogane

  • SVellingsfonnja

  • Folvagotene

  • Kagehølen

  • Gutalsgotene

  • Knut-Erik kvilet

  • Trongurledet

Så kjem ein til Alfloten, ein plass som vart rydda og sett opp hus på av brukarane på Sundal gard. Og vart nytta som overnattingsplass for familiane deira når det var snøskredfare i Sundal.

Vidare innover kjem ein til Haraldsfallet, først til ein bratt bakke der vegen har funne sitt feste mellom elva og ein høg berghammar. Tidleg vår kan det vere rasfare her, dersom det ligg igjen ein del snø i høgfjellet.
Når ein kjem opp den siste kneika, vil ein finne eit stort grus-/sandlager som er teke ut av elva. Dette til bruk som masse til reperasjon av vegen etter flaumsituasjonar – som har hendt mange gongar opp gjennom historia. Litt lenger innover dalen kjem ein til parkeringsplassen med opplysningsskilt om Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Det er flat grusveg nokre hundre meter vidare før du kjem til Sunndalsbakken. Når kjem hit, må du prøve å få eit glimt av dei gamle steinmurane frå dei to bruka oppunder hammeren oppe til venstre. Litt oppe i bakken kan du sjå eit skilt som viser den gamle bygdevegen opp til tunet. Du kan gå denne vegen får å sjå murane etter husa på den rasutsette garden.
Eit anna alternativ for å sjå dette kulturminnet er å svinge til venstre oppe på Sunndalsbakken, gå tilbake igjen på oppsida av løa der du vil finne ein veg utover mot desse ruinane.
Gardane vart fråflytta i 1902, og sidan den tid har det ikkje vore fastbuande på Sundal gard. Men på 1960 talet og litt ut på 1970-talet var der sommarmjølking av geiter på garden. Noverande eigar av garden heiter Ivar Jarle Åsvoll.

Den 1. mai 2026 vart foreininga Gamle Sundal gard stifta her oppe, med kring 150 frammøtte. Foreininga sitt formål er å rydde rundt dei gamle murane, setje opp informasjonsplakatar og restaurere ei gammal stove som skal vere som eit museum. Dei vil fortelje den dramatiske historia til denne rasutsette garden - og folket som aldri gav opp kampen mot naturkreftene.

Minnesteinen etter rasulykkene

På veg opp Kleiva. Vi ser gardane Folven, Grov og Guddal

Utsyn frå Kleiva

Svelingsfonnja – ras mars 2025 med skader i Hjelledalen av snøpropp/vassmagasin oppstrøms som plutseleg løyste seg opp

Gamalt og innhola tre ved Almfloten

Eit litt utrygt fjellparti ved Haraldsfallet

Informasjonstavle ved parkeringsplassen

Denne gamle stova på Sunndalsbakken skal restaurerast og bli til eit lite museum.

Låven i framgrunnen og stovehuset bakafor til venstre. (Larsbruket)

Offisiell opning av foreininga Gamle Sundal gard, 01.05.2026

Ansvarleg for tekst og bilde:
Tor Guddal