Opning av Gamle Sundal gard

Det vart ei flott offisiell opning av gamle Sundal gard 1. mai. Folk strøymde til, og tuna fyltest med både små og store.

Stort oppmøte og nydeleg ver gjorde det til ei flott stund, godt organisert av leiar Tor Guddal.

Mellom trea og dei gamle murane vart det skapt eit fellesskap for å ta vare på historia – akkurat slik arbeidsgruppa håpa på.

Målet for foreininga “Gamle Sundal gard” er å gjere garden og kulturminna lettare tilgjengeleg for alle, samt å drive formidling av historie og kunnskap om garden.

Takk til Silje for organisering av spennande naturleikar for borna, og tusen takk til alle som kom og gjorde opningsdagen så spesiell. Dette er berre starten!

Foto: Unni Skåre

Neste
Neste

Kven bør få Bygdeprisen 2026?