Asbjørn Berge vann Bygdeprisen

Asbjørn Berge vart tildelt bygdeprisen for Oppstryn 2026 på 17. mai arrangementet i Oppstryn Grendahus.

Asbjørn har sidan han flytte heim i 1982 lagt ned mykje arbeid for idrett og friluftsliv i Oppstryn. Noko av det han har ivra mest for er kanskje idrettsbana i Lund, friidrettsgruppa i OIL, Idrettshuset på Hjelle og no siste åra rydding og beskriving av sætreræsene og turstiane m.m i Oppstryn i prosjektet “På tur i Oppstryn”.

Ein velfortent pris og merksemd til ein mann som har gjort mykje for bygda si og alle oss som bur her.

Neste
Neste

Opning av Gamle Sundal gard