Tur til Sognskaret
Gradering: Middels vanskegrad.
Lengd: 2,2 km ein veg. (Frå Sunndalssetra)
Høgdemeter: 210
Tidsbruk: 2 timar t/r.
Sesong: Sommar og haust
Bomveg: Betaling i kasse eller Vipps
Parkering: Du kan parkere ved startpunktet like ved grinda/ledet eller på parkeringsplassen som er mellom Haraldsfallet og garden Sundal. Ved denne parkeringsplassen er det også opplysningsskilt for Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Merk: Denne turen starter på Sunndalssetra, og har felles sti 600m innover dalen retning Sognskarhynna. Her kjem ein til eit stidele, der ein skal ta stien til høgre.
Turbeskrivelse
Sti-delet aust for Sunndalsetra mot Sognskaret ligg omlag 600m aust for setra. Mot Sognskaret går så stien vidare i flatt terreng nokre hundre meter inkl. kryssing av ei bru og nokre bekkeløp, før stigninga opp mot Sognskaret. Vel oppe på høgda vil du sjå idylliske elvekulpar og fossefall. Dalen ligg i sør/sør-austleg retning.
I denne sidedalen er der også to rimeleg store vatn som ligg på 662 og 667 m.o.h. med ei elv på omlag 350m mellom vatna. Her er også gode fiskemogelegheiter.
Det er 2,2 km å gå langs stien – frå Sunndalssetra til den private hytta i Sognskaret. Oppstryn Idrettslag si turbok heng på veggen til denne hytta.
Ansvarleg for tekst og bilete
Tor Guddal
Bjørnejakt i Sunndalen
I tidlegare tider var det to store familier som budde på garden Sundal. Dei var mange i husholdet, og i dalen innover var det mengder av vilt. I boka «I de dager» av Sverre Sundal (1906 – 1998) er det referert til forteljingar frå sin far. Han var ein ivrig jeger, og jakt var ein del av kampen for tilværelsen. Han brukte gjerne å gå innover dalen mot Sognskaret. Der videt dalen seg ut, og der fant han også viltet. Jerv, rev, gaupe, villrein og bjørn. Særleg den siste gjorde stor skade på sauebestanden. Han fekk aldri skote bjørn sjølv, men naboane i Nilsestova skaut mange gjennom åra. Men nær bjørn var han ofte.
I 1912 var den siste kjende bjørnejakta i Sunndalen. Jakta føregjekk i mange dagar, men til sist vart bjørnen skoten i Sognskaret.
Denne bjørnen vart utstoppa, og står idag på ei plate oppunder taket i Oppstryn Idrettshus på Hjelle.

Mykje fin furuskog i dalen
Fine furutre på veg oppover mot Sognskaret

Frå Djupehola

Elvekulpar

Storfisk

Moltemyr
Fin fangst

Kveldskos i solnedgong

Bjørnen – skoten i Sognskaret 1912