Status per juni 2026

Vi er inne i det siste året i det treårige prosjektet På tur i Oppstryn. Det er utført mykje godt arbeid. I mest alle dei ti setredalane våre er stiane rydda, det er sett opp skilt som viser retning og avstandar til turmåla, og det er sett opp informasjonstavler i nokre av dalane (Glomsdalen, Sunndalen og Erdalen). I tillegg er mest alle turane skildra på oppstryn.no/fotturar.

I desse tider skal informasjonstavler som viser alle turmåla i dei ti setredalane, gå i trykken. Alle reiselivsbedriftene i området har bestilt tavla Fotturar i Oppstryn. Turistar i dag vil ha ein aktiv ferie, og det er bra om ikkje alle tek turen til Segestad.

Ei gledeleg nyheit er at Oppstryn Idrettslag no har fått tilsagn om 400 000 kr i spelemidlar som skal gå til å restaurere vegen til Segestad. Dette utløyser også 240 000 kr i “Eg gjekk ein tur på stien - midlar” frå staten. Ein kan få gjort mykje for ein såpass stor sum!

Sjølv om det meste av arbeidet med prosjektet er unnagjort, vil det stadig vere behov for å rydde stiane. Vi håpar at fleire blir med i dette arbeidet i åra framover.

Ei stor takk til Reidar Gjørven som har laga lay-outen og Kjetil Mork som har stått for kartet.