Organisasjonar i Oppstryn
-

Oppstryn Bygdeutviklingslag
Oppstryn Bygdeutviklingslag sitt mål er å skape bærekraftig utvikling i bygda.
-

Oppstryn idrettslag
Oppstryn Idrettslag har stor aktivitet med barneidrett, idrettshus, friidrett, ski, symjing, fjelltrim m.m.
-

Oppstryn ungdomslag
Målet er å skape trivsel og samhald i bygda. I løpet av året arrangerer dei “Ta sjansen”, bygdekino, bingo, aktivtetskveld m.m. Også ansvarleg for grendahuset Trudvang.
-

4H
Fossekallen 4H har lange tradisjonar i Oppstryn, og er ein av dei eldre 4H klubbane i Noreg. Fossekallen 4H feira 60 år i 2023!
-

Bygdekvinnelaget
Ein pådrivar for levande bygder, som er opptatt av sosiale tiltak i bygda, og er forkjempar for kvinner sine økonomiske og sosiale rettigheter.
-

Bondelaget
Eit aktivt bondelag som arbeider for at bønder i Oppstryn og Stryn skal få betre levekår.
-

Hjelleklang
Hjelleklang er koret i bygda, med faste øvingar i kjellaren i Oppstryn idrettshus.
-

Soknerådet
Oppstryn kyrkje står på Fosnes på sørsida av Oppstrynsvatnet, og er ei tømra langkyrkje frå 1863.
-

Segestads vener
Segestads vener tek vare på den gamle fjellgarden Segestad.
-

Oppstryn Skyttarlag
Skyttarlaget har organisert skyting i Stryn kulturhus, på skytebana på Fosnes og på Skåre.
-
Betel
Eit av dei gamle, ærverdige bedehusa, og er i dag eit godt og tenleg hus for mange i bygda.
-

Erdal skulehus
Erdal skulehus har stått på Hardebakken i 122 år. No tener det som samlingsstad for litt av kvart.
-

Oppstryn Normisjon
Oppstryn Normisjon er eigar av bedehuset Betel, og organisasjonen har vore aktiv i over 100 år.