Vellukka marknadsdag

Marknadsdagen om hausten brukar å vere ved Erdal skulehus. I år var det ved, og i, Oppstryn grendahus laurdag 26. og søndag 27. september. Det var eit vellukka arragement, der mange var innom. Laurdagen var det ein jamn straum med besøkande frå kl 12 til ca kl 17. Søndag var det ingen seljarar ute, men ein del personar var innom og studerte bilete og handverk.

Mark og Nina frå Torheim gard stilte med med mange ulike produkt, og Jorill Brekke selde eple.

Inne var følgande utstillarar:

  • Kari Nielsen Berge, handarbeid (strikking)

  • Anne Marie Sunde og Britt Nesje Solheim, handarbeid (strikking)

  • Solrun Sunde spinning og strikking.

  • Erdal skulehus, loddsal.

  • Johanne Palerud, sal av kjeks.

  • 4H, sal av tennbrikettar

  • Oppstryn bygdekvinnelag, kiosk.

Utstilling av gamle bilete

Fleire stilte ut gamle bilete frå Oppstryn.

  • Nils Dårflot med bilde av Ivar Dårflot (1910 - 1914)

  • Unni Berge med bilde av Knut Aaning (1880-1922)

  • Bjørg Ladehaug med bilde av Jens Knutsen Maurseth (1863-1927)

  • Nils hadde også ei utstilling av gammalt fotoutstyr med glasplater

Neste
Neste

Ledig stilling: Rektor ved Oppstryn skule og barnehage