Segestad nominert
Segestad vener er ein av seks nominerte til Kulturlandskapsprisen for Vestland fylke!
Fredag 29. august var juryen på besøk på Segestad i lag med representantar for Segestad vener.
Prisen er på 30 000 kr og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.
Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria, der alle kriteria ikkje treng å vere oppfylte på ein gong:
Kandidaten gjer ein aktiv innsats med skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø
Kandidaten arbeider målretta med å fremje eller bevare biologisk mangfald, mellom anna gjennom å ta vare på truga artar og naturtypar, hindre framande artar i å etablere seg eller bevare verdifulle genressursar
Kandidaten har gjort kulturlandskapet tilgjengeleg for ålmenta
Kandidaten har eit aktivt forhold til å formidle verdiane i kulturlandskapet
Kandidaten er ein aktiv tradisjonsberar og tek vare på immaterielle verdiar og kunnskap knytt til kulturlandskapet
Kandidaten er ein god ambassadør for kulturlandskapet og landbruket