Tilbake til alle arrangementer

Frostskoddekoret med klassisk konsert

Frostskoddekoret inviterer til klassisk sommarkonsert i Oppstryn kyrkje den 2. juni. Vi byr på mange klassiske kor-perler, med eit spenn heilt frå renessansen og fram til vår eiga tid. Konserten er også til minne om Wenche Nesheim, tidlegare kjært kormedlem, som dessverre døydde for nokre år sidan. Koret stiller med div. solistar frå eigne rekker, og tonefølgje får vi frå Olga Prydhodko og Anders Kvile. Konserten er gratis, men vi tek opp ein kollekt til dekning av utgiftene.

Frostskoddekoret består av 16 erfarne songarar frå Stryn og nabobygdene under leiing av dirigent Henny Koppen. Fleire av medlemmene har vore med heilt sidan starten i 1982, mens andre har kome til etterkvart. Felles er interessa for, og gleda over å få synge saman med andre. Koret øver ein gong i mnd. og repertoaret er allsidig, frå jazz til vise, folkemusikk, populær, religiøs, og klassiske korverk...vi har vore innom det meste, og syng for dei fleste! :-).

Velkomne til konsert!

Forrige
Forrige
2. juni

Sommarfest for søndagsskulen

Neste
Neste
12. juni

Onsdagskafe