Tilbake til alle arrangementer
Velkomen til folkemøte i høve planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Møte blir i Stryn kulturhus.
Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Send inn dine innspel no!
Innspel og merknader kan sendast innan 15. januar 2026
Meir informasjon om saka på Statens vegvesen sine sider
Det skal utarbeidast ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og målet er få ein ny vintersikker fjellovergang med lang tunnel. Eit løp mot Geiranger blir planlagt mot nordvest frå midten av tunnelen, og dette vil gje heilårleg vegforbindelse frå aust.
Planprogrammet er no på høyring, med tilhøyrande dokument.