Tilbake til alle arrangementer

Ei verdsomsegling under havet

Ei eventyrleg, mystisk og morosam reise ned i havets djup, basert på Jules Verne si klassiske forteljing.

Professor Arronax og kvalfangaren Neddy er på jakt etter eit sjøuhyre, men dei oppdagar raskt at det finst endå meir uhyrlege ting der nede i det store blå. Dei støyter på den underlege ubåten Nautilus, der kapteinen om bord, Nemo, har ein skummel plan som gjer at Arronax og Neddy aldri igjen vil sjå land. Blir dei borte for alltid, eller klarer dei å stanse Nemo?

I Teater Vestland sin versjon av Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn er havet djupare og vakrere enn nokosinne, og Kaptein Nemo har endå mørkare hemmelegheiter. Bli med oss på den spennande ferda!

Sidan ingen vaksne har full oversikt over kva som finst der nede i djupet, har vi måtta setje vår lit til barnas fantasi. Barn langs turnéruta har teikna havets hemmelege kryp og vesen, og så har verkstadene våre gjort sitt beste for å lage dei.

BESTILL BILLETT

Speletid: 1 time 10 minutt

Billettpris: Frå 180,–

Spelestad: Nynorskhuset og turné i Vestland fylke

Kunstnarleg lag

Av Jules Verne
Regi Nils Petter Mørland
Lysdesign Kyrre Heldal Karlsen
Lyddesign Håvard Gressum Antonsen
Visuell konsulent Synnøve Ringdal

SKODESPELARAR: Stine Elverhøi Johnsen, Arjan Nilsen og Terje Ranes

Kjøp billett her

Forrige
Forrige
25. februar

Hyggjestund i Betel

Neste
Neste
8. mars

Gudsteneste