Tur til Sunndalssetra over Setreåsen

Blått turmerke - Middels tur
  • Gradering: Middels vanskegrad. Vandring innover dalen der ein går driftevegen over Setreåsen. Tre bratte bakkar, elles nokolunde flatt terreng.

  • Lengd: 3,3 km ein veg.

  • Høgdemeter: 180

  • Tidsbruk: 3 timar t/r.

  • Sesong: Vår, sommar og haust

  • Bomveg: Betaling i kasse eller Vipps

  • Parkering: Du kan parkere ved startpunktet like ved grinda/ledet eller på parkeringsplassen som er mellom Haraldsfallet og garden Sundal. Ved denne parkeringsplassen er det også opplysningsskilt for Jostedalsbreen Nasjonalpark.

  • Merk: Her starter ein å gå på utbetra sti innover og opp Grønebakken (finansiert av Statlege midlar til forbetring av tilkomsten til Nasjonalparken). Lenger innover er også to andre oppstigningar blitt utbetra av grunneigarlaget – for å gjere det enklare for storfe å kome seg på sommarbeite. Det vart rydda langs stien og noko anna oppgradering i 2024.

Sunndalssetra

Turbeskrivelse

Når du starter å gå innover frå parkeringsplassen, er det nokre hundre meter med flat veg før du kjem inn til Sunndalsbakken. Når du runder rundt svingen og ser oppover vegen/bakken, prøv å få eit glimt av dei gamle steinmurane frå dei to bruka oppunder hammeren oppe til venstre. Det er tett skog her, men ein kan sjå gjennom skogen – i alle fall før lauvet kjem på trea. Eit anna alternativ for å sjå dette kulturminnet er å svinge til venstre oppe på Sunndalsbakken, gå tilbake igjen på oppsida av løa der du vil finne ein veg utover mot desse ruinane. Gardane vart fråflytta i 1902, og sidan den tid har det ikkje vore fastbuande på Sundal gard. Men på 1960 talet og litt ut på 1970-talet var der sommermjølking av geiter på garden. Noverande eigar av garden heiter Ivar Jarle Åsvoll.

Litt forbi det raude huset kjem du til vegenden, der det er grinder på begge sider av brua over Sunndøla.
Like etter brua, må du gå til høgre i eit stidele. Her er også skilta mot dei to stiane du kan velge å gå. Stien for denne beskrivinga vil gå framover på sørsida av dalen – over Setreåsen til Sunndalssetra. På lokalt folkemunne heiter det – «å gå Åsen».
Stien innover til setra er småkuppert, men med tre bratte oppstigningar undervegs. Det er opp dei tre bakkane som heiter Grønebakken, Skorbakken og Brattestigen.
Starter først i utbetra sti som vart gjennomført i 2018/2019 av Nasjonalparkforvaltninga. Dette for å betre tilrettelegginga til utfart i nasjonalparken. Stien er utbetra frå brua i Sundal til toppen av Grønebakken.
Vidare innover er det eit flatt parti før ein kjem til Skorbakken. Oppe ved grinda/ledet her, vil ein sjå skiltet som viser at du er komen inn i Nasjonalparken. Herifrå og vidare innover er det faktisk ein unnabakke først, før det går vidare i tilnærma flatt terreng fram til siste stigninga som heiter Brattestigen. Ein passerer her eit myrområde under hammaren som heiter Storemyra. Er du heldig og ute i rett tid, kan det vere molte å finne her. Når du er komen opp på Brattestigen og litt til, er du komen til ein stad som heiter Glåma. Ordet si tyding er «stirre med vidåpne auge» - «glo» - «glane». Dette er staden du kan sjå selbygningane på setra gjennom skogen.
Det er mange ulike treartar som veks i Setreåsen, men på toppen av Brattestigen/Glåma er det dominert av gamal furuskog. Nokre gamle tørrfuruer er også å finne her i området. Vidare innover vert det litt unnabakke før du kjem til Setrebrua, der du kryssar elva Sunndøla. Eit par hundre meter vidare kjem du til stidelet, der du på returen kan gå langs elva tilbake til Sundal gard. Herifrå er det berre 500m til Sunndalsetra.
Gjennom skjøtselsplan for nasjonalparken (utarbeida i 2022) er det i regi av Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre utarbeida tiltak for å ivareta både stiane og seterlandskap i Sunndalen/Sunndalssetra. Dette i samarbeid med grunneigarane. I dette ligg det også at grunneigarar som utfører prioriterte oppgåver/arbeid, vert løna for dette arbeidet etter faste timesatsar.

Ansvarleg for tekst og bilete
Tor Guddal