Kort om Fosdalen si historie og geologi
Fosdalssetra med Tafsehyrna og Fosdalsbreen i bakgrunnen
Ferdslevegen over til Loen
Ferdslevegen til Loen går opp gjennom Fosdalen, over eit res eller skar som er kalla Tyvareset, ca. 1260 moh., og vidare ned gjennom dalen som fører til Loen. Loarane kallar dalen på Losida for Fosdalen, medan oppstryningane brukar namnet Tyvadalen.
Ruta over Tyvareset til Loen har vore lite brukt i seinare år. Men før vegane kom langs Oppstrynsvatnet og langs fjorden mellom Tonning og Loen, var dette å rekne som ein ferdsleveg.
Gamle kyrkjebøker fortel at ein mann skal ha omkome på veg over reset. Der står det:
“Omtrent i Midten av Juni Maaned 1832 blev Gaardbruger David Andersen Skarsteen, omtrent 30 Aar gammel, borte i den Isbreed der ligger mellem Opstryen og Loen. Saasnart han savnedes, søgte man efter ham uden dog at kunne oppdage ham. Formodentlig har Uveir eller Ubekjendtskab med Veien foraarsaget hans Endeligt.”
Det vert fortalt at ein plassemann på Berge, Akslun Jenssen Løken, kjøpte ei kvige på Sæten i Loen. Han tok med seg kviga opp gjennom Tyvadalen, over Tyvareset, ned Fosdalen og inn til Berge. Turen gjekk visst greitt. Dei kvidde seg ikkje på ein umak i dei dagar.
I 1935 (1936?) fekk patentførar Jørgen Grønfur i oppdrag av Den Norske Turistforening (DNT) å merke stien over Tyvareset. Ragnar Grønfur var medhjelpar. Stien vart merka, men det førte ikkje til særleg fleire turgåarar.
Tyvareset. Utsyn mot Hjelle og Hjelledalen
Foto: Tarald Harstad
Tyvareset. Utsyn mot Loen og Olden
Foto: Tarald Harstad
Jakt- og fangstanlegg under Tafsehyrna
I 2017 arbeidde Stryn kommune med kommunedelplan for kuturminne. Då tok Amund Mork kontakt med kommunen og melde muren som kulturminne. Han vart ikkje teken på alvor i starten, men Rannveig Marit Mindresunde engasjerte seg og tok kontakt med fagmann Runar Hole for å få klarheit i kva som kunne vere forklaringa på denne muren under Tafsehyrna.Runar Hole, som er ekspert på fangstminne, har bekrefta at steinmuren (merka med raud strek på bildet) under Tafsehyrna er del av eit jakt- og fangstanlegg frå gammal tid. Det er vanskeleg å tidfeste sikkert når anlegget var i bruk, kanskje heilt tilbake til steinalderen – for meir enn 4 000 år sidan.