Hike to Storskredfjellet
Utsyn frå Storskredfjellet
Ein tur til Storskredfjellet er ei stor naturoppleving. Ruvande fjell og brear på alle kantar. Ruta til toppen er rimeleg grei å gå, men turen er fysisk krevjande.
Gradering: Ekstra krevjande. Ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.
Lengd: 5,5 km ein veg frå Åning.
Høgdemeter: 1565
Tidsbruk: 11 timar t/r
Sesong: Sommar og haust
Parkering: Du kan parkere på Åning. Hugs å betale avgift!
Merk: Det er rydda sti til du kjem over skoggrensa både frå Åning og Meland.Det er ikkje mobildekning på turen.
Her er ruta frå Åning teikna inn
Ruta frå Meland til Storskredfjellet. Siste del av ruta er felles med ruta frå Åning.
Turskildring
Du kan parkere på Åning og gå til Storskredfjellet med retur til Meland, eller du kan parkere på Meland og gå til Storskredfjellet med retur til Åning. Du kan sjølvsagt gå frå Åning tur-retur eller frå Meland tur-retur.
Her er turen skildra med Åning som utgangspunkt.
Bildet viser råsa som går over ei eng på Åning. Åning ligg 260 moh. og er den høgast liggande garden med fastbuande i Oppstryn.
Dette er starten på turen mot Brekkedalen frå austsida. Ein kan like gjerne starte frå Meland og gå gjennom Brekkedalen til Åning.
Når du har gått over enga, kjem du til utmarka på Åning. Stien svingar seg gjennom eit skogsområde og når etter kvart toppen av eit høgdedrag, Åningehogden. Her er landskapet ope og fritt, og du får eit fint utsyn mot Oppstrynsvatnet og bygdene omkring.
Utsyn frå Åningehogden. Vi ser mot Erdalen til høgre og Hjelledalen til venstre i bakgrunnen.
Utsyn frå Åningehogden mot Flo og Flofjellet.
Det høge fjellet mot himmelsjå i den høgre bildekanten er Stolshyrna (1852 moh.)
Dalføret på den høgre sida av Stolshyrna heiter Rinddalen. På den venstre sida går Vesledalen. Dalføret heilt til venstre fører ned til Vollset i Sunnylven.
Frå Åningehogden går råsa opp ei skrede før ho svingar til venstre mot ei lita flate, Smørhola. Det flate partiet som du ser oppe til venstre på bildet, er Smørhola.
Råsa er delvis borte på grunn av ei vassdemme som har gått her ein gong i tida.
Dette er Smørhola. Her er det flatt og fint terreng og godt beite for kyr. Det veks ein del smørblomst (engsoleie) her oppe. Kanskje det kan vere forklaringa på namnet?
Kyr unngår å ete smørblomst fordi han inneheld giftstoffet protoanemonin som kan gje diaré.
Frå Smørhola er det fritt utsyn mot grendene rundt Oppstrynsvatnet. Her ser vi Strandsida med litt av garden Nesje nærast, vidare ser vi Fosnes, litt av Erdalen og litt av Hjelledalen. Det bratte fjellet midt på bildet er Hjellehyrna (1368 moh.).
Frå Smørhola går råsa rett oppover til Svarte-svoda, der svingar ho mot Åningselva og følgjer denne vidare.
Smørhola i framgrunnen
Utsyn frå Svartesvoda. I framgrunnen ser vi gardane Åning, Brekke og Tunold – frå venstre til høgre. I bakgrunnen ser vi Flo og Flofjellet.
Råsa følgjer Åningselva eit langt stykke før ho svingar til høgre over reset mellom Storskredfjellet og Brekkefjellet. Reset ligg om lag 1040 moh..
Den første delen mot reset er relativt slak. I den siste delen, før reset, går råsa i mange svingar opp ein bratt grasbakke, Øvstebakken.
Bildet ovafor viser det området der to menn omkom i påska 1947. Dei hadde overnatta i hytta ved Instevatnet. Om natta la det ned mykje snø, og på nedturen løyste dei ut eit skred som tok dei. Ein tredje person vart redda ut av skredet i live, men han fekk store skadar og døydde truleg av skadane nokre år seinare.
Åningselva går somme plassar i djupe gjel nedetter. Dersom du ser nøye etter på bildet ovafor, kan du sjå ei lita bjørk ved elvekanten. Her ligg eit gjel som vert kalla Håkajølet.
Det vert sagt at ein kar frå Håkabruket på Brekke kom ridande på hesten sin og gjekk seg utfor her. Mannen berga seg, men hesten strauk med. Gjelet fekk namn etter denne hendinga.
Bildet viser ein foss som går ned i Håkajølet.
Åningselva går i fossestryk nedover langs råsa. Vi kan så vidt skimte litt av Breifonna – breen framfor Storskredfjellet. Det lyse “beltet” på fjellet i bakgrunnen viser kor mykje breen har smelta tilbake dei siste hundreåra. Det er ei dramatisk utvikling vi ser. Skal tru kor lenge Breifonna vil eksistere?
Når du passerer denne fjellformasjonen, må du sjå litt nøye etter. Med litt fantasi kan ein sjå fleire ting her.
Fjellhammaren vert kalla Skuten. Det er vanleg at ein bergknaus som stikk fram i terrenget får dette namnet.
Her er Skuten zooma inn. Kva ser du?
Frå skuten og bratt ned mot Åningselva går ei fordjuping i terrenget som vert fylt med snø kvar vinter. Det er eit gammalt teikn at når denne snørenna er smelta bort på tre plassar, er det greitt å gå til Brekkedalen.
Denne vesle sauefamilien har det fint i Brekkedalen. Som vi ser er dei er i godt hold, og dei er reine og fine. Landskapet i dette området gjev godt beite for sau. Dessverre er lønnsemda i sauehalde heller dårleg, og det er ikkje mange sauebønder att i bygda.
Utsyn frå reset mellom Storskredfjellet og Brekkefjellet
Vi ser ryggen som fører mot Storskredfjellet. Heil til høgre på bildet ser vi ein fjellrygg som fører ned til Rjupedalen og Meland
Vi ser ned mot Instevatnet. Bak vatnet kan vi sjå ei hytte som er godt kamuflert i terrenget. Dette var opprinneleg ei jakthytte for gardane Åning, Brekke og Tunold. Hytta stod ferdig i første del av 1930-talet. I dei seinare åra har ho vore lite i bruk.
Langs fjellryggen som fører opp mot Storskredfjellet, kan ein finne fleire ulike artar av fjellplantar. Bildet over viser fjellkattefot, Antennaria alpina (nærast) og fjelltjæreblom, Viscaria alpina.
Vi ser mot den vestre delen av Breifonna og Nesjehyrna (1522 moh.). I bakgrunnen ser vi Hjelle og Hjelledalen.
Vi kan sjå av bildet ovafor at breen har lagt igjen morener som kan samle opp store mengder vatn under periodar med mykje nedbør og/eller snøsmelting. Dersom vatnet pressar seg igjennom demninga av lausmassar, kan det føre til skadeflaum.
Dette skjedde …
Det er bygd fleire store, fine vardar langs ryggen som fører opp til Storskredfjellet. Utsynet er storslått; Breifonna med veldige sprekker under stupbratt fjell, det turkise Oppstrynsvatnet og fjella og bygdene kring.
Vi ser mot Fosnes og Hjelle. Breifonna i framgrunnen. Den vesle toppen som stikk opp like nedafor breen er Veslehyrna (1100 moh.).
Denne rypa har hatt det fint på Storskredfjellet. Dessverre har rypebestanden gått mykje tilbake dei siste tiåra. Ei årsak kan vere at mildare vintrar og seinare snølegging har ført til at rypene har blitt eit lettare bytte for rovdyr/-fuglar. Den kvite fjørdrakta følgjer lengda på dagen – ikkje når snøen kjem/går.
Før du når det høgste platået, må du forsere ei bratt, storsteina ur. Her må du gå forsiktig.
Det er frostsprenging gjennom mange tusen år som har “produsert” all denne steinen. Det vert kalla blokkmark eller blokkhav. Her var det nemleg isfritt i den tida då dalane var dekt av den store innlandsisen.
Den kvite stripa på bildet er ein kvartsgang, ei sprekke i fjellet som er fylt av mineralet kvarts. Kvarts er eit av dei vanlegaste minerala. Likevel er det sjeldan å sjå så store mengder på våre kantar.
I Oppstryn er gneis den vanlegaste bergarten. Den er bygd opp av lyse band (kvarts og feltspatt) og mørke band (glimmer og amfibol).
Det er ikkje langt igjen til det høgste punktet, 1815 moh.. Varden på kanten av fjellet, er målet for turen. Etter ein lang, bratt og slitsam tur, er det godt at den siste delen går i flatt terreng.
Det er kjekt å nå målet etter ein slitsam tur. Utsikta frå toppen er overveldande.
Gå ikkje for nær kanten av stupet! Det ligg mykje laus stein ute på kanten.
Frå toppen har du utsyn mot eit veldig fjellandskap. Vi kan sjå Lodalskåpa (2083 moh.) mot himmelsjå midt på bildet. Til venstre for Lodalskåpa kan vi sjå både Erdalsbreen og Vesledalsbreen.
I framgrunnen ser vi Skålabreen og Tafsehyrna. Lenger bak i bildet kan vi sjå Tindefjell.
Bildet er teke med kraftig zoom. Vi ser Lodalskåpa (2083 moh.) midt i bildet mot himmelen og Veslekåpa (1988 moh.) til høgre for denne. Tindefjell (1775 moh.) til venstre i bildet.
Her ser vi Kampen (1648 moh.) nærast. Bak til venstre kan vi sjå Vesledalsbreen og til høgre Erdalsbreen. Til venstre mot himmelsjå ser vi Tverrådalskyrkja (2088 moh.) – det høgste fjellet i Breheimen. Lenger til høgre kan vi skimte Smørstabbreen og bak denne Smørstabbtindan. Vi ser altså like til Sognefjellet/Jotunheimen.
Det er mange som besøkjer toppen av Storskredfjellet, og fleire av desse har sett opp minnesmerke etter seg.
Vi ser over til Skåla (1843 moh.) med det kjende Kloumannstårnet på toppen.
Det var doktor Kloumann som tok initiativ til å få bygd dette tårnet. Det stod ferdig i 1891.
Viss du gjer ei avtale om å bli henta henta på Meland, kan du gjerne leggje tilbaketuren om Melandsfjellet og Rjupedalen til Meland.
Her er det for det meste lyng og grasmark, og det er greitt å gå. Vi ser Geitafjellshyrna (1628 moh.) i bakgrunnen.
Foto: John Roger Meland
Du bør sikte mot Saltsteinen og ikkje søkje for tidleg ned mot Strynedalen.
Frå Saltsteinen er det rydda og merka rås til Meland.
Råsa svingar seg ned gjennom skogen. Vi ser over mot Oppstrynskår til venstre – og Veslebygda med Furedalen til høgre på bildet.
Foto: John Roger Meland
Råsa går like forbi Melandsetra som ligg 510 moh.. Det er heller få beitedyr i området, og skog og kratt veks seg stadig nærare setrehusa.
Det vart slutt på seterdrifta på Melandsetra i 1949. I den tid var det to sel og to fjøsar på setra. Selet i framgrunnen høyrer til bruk nr. 2. Det vart bygd i 1986 der den gamle fjøsen stod. Det gamle selet bakafor høyrer til bruk nr. 1. Bruk nr 3 hadde også eit sel som no er rotna ned.
Foto: John Roger Meland
Når du kjem til skogsvegen, kan du sjå eit skilt som viser retning til Storefossen. Det er ein mektig foss når vassføringa er stor.
Like før du kjem ned til dei øvste spikartelta på Strynsvatn Camping, er det parkeringsplass. Du kan avtale henting her - eller du kan starte turen her og gå til Åning.
Bildet er henta frå nettsida til Strynsvatn Camping
Strynsvatn Camping er ein stor, moderne og veldriven campingplass ved Rv 15, 12 km aust for Stryn sentrum.
Du kan parkere ved enden av vegen – forbi det siste spikarteltet.
Tekst og bilde: Asbjørn Berge 2026