Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen. Gjennom fleire generasjonar har patentførarar ført turistar over breen til Skjåk og Sogn, og driftehandlarar førte store fedrifter over breen til Fåbergstølen og vidare mot Austlandet. I vår tid har “Josten på langs” vore ein populær skitur på vårparten. Vesledalssetra ligg omkransa av høge fjell, og brear heng i fjellsidene. Naturen er vill og vakker. Ved denne setra deler Erdalen seg i to dalføre: Storedalen går mot søraust, og her finn du stien mot Erdalsbreen. Vesledalen har retning mot aust, og her går det sti til Vesledalsbreen.
Gradering: Middels vanskegrad. Stien er nyleg rusta opp. Nokre parti går langs svaberg.
Lengd: 3,6 km ein veg.
Høgdemeter: 200
Tidsbruk: 3 timar t/r.
Sesong: Vår - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved Loppeset. Hugs å betale avgift!
Merk: Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgova..
Tur til Vesledalssetra
Turbeskrivelse
Frå parkeringsplassen ved enden av bom-vegen til Vesledalssetra, er det ca. 3,6 km og litt over 200 høgdemeter.
Frå Erdalssetra til Vesledalssetra er det ca. 1,9 km og ca. 75 høgdemeter. Du bør berekne 3 timar på heile turen – frå Greidung 5 timar.
Stien frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Erdalssetra er skildra i “Tur til Erdalssetra”. Sjå denne!
Frå Erdalssetra går stien over Setreura og så i flatt og ope terreng gjennom Setreøyane. Her er det godt beite, og ein møter som oftast kyr. Vis omsyn! Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgrova. Men vanlegvis går det greitt å passere her.
Når du kjem til Lidabakkane, er det jamn stigning til Reset. Derifrå går det i slak unnabakke til Vesledalssetra. Når du passerer det inste selet på Erdalssetra, kan du sjå utedoen på den høgre sida av stien. Han er open for alle. Det er også ein utedo på Vesledalssetra.
Eit lite stykke vidare på vegen mot Vesledalssetra kan du sjå ein bekk som kjem ut av ura på venstre side av stien. Her er det reint og godt drikkevatn.
Turisthytta på Vesledalssetra var opphaveleg ei tømrastove som stod på Hjelle. Patentførar Rasmus Greidung kjøpte stova i 1923. Turistane som han skulle føre over breen, måtte ha ein plass å overnatte.
Stova vart riven, stokkane merka og transportert på skareføre med hest og slede. I 1924 stod hytta klar til å ta imot gjester. I dag har Indre Nordfjord Turlag (INT) leigeavtale med eigar. Hytta er pussa opp og er i god stand. Det er sjølvbetening, og nøkkel heng ute ved inngangsdøra.
I Setreøyane går det ofte kyr og beitar. Vis omsyn! Det beiter sauer i dalen, hundar må gå i band.








